Sikta spelt 1 kg Mylnå

Produsent: Mylnå
Varenr.: MY25
kr 69,00

Mange ser ut til å tåle spelt betre enn kveite, så etterspørselen er aukande. Vi mel speltkornet direkte på ei steinkvern som er berekna for maling av skalfrie kornslag. Sikta spelt frå Volda El. Mylne har svært høg utmalingsgrad (ca 85%), og er testa ut hos Nofima Mat (tidl. Matforsk).

Produktkvalitet
Råvarene er matspelt av sorten Uberkulmer Rotkorn. Vi nyttar i dag kun norskprodusert korn, og all spelten vår er økologisk.
Spelt (kveite, rug) som blir malen på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Framstillingmåte
Speltkornet blir først avskala og reinsa, så malt på steinkvern som er hoggen spesielt til føremålet, nemleg maling av korn med lite fiberinnhald (skal). Deretter blir mjølet sikta

Produktbeskriving
Det sikta speltmjølet har ein kvit farge, og det blir sikta på eit 200 my sold

Bruksområde
Sikta spelt vert hovudsakleg nytta til allslags bakst, graut, sausar, supper, m.m. der sikta kveitemjøl kan nyttast.

Ingrediensar:
Sikta spelt. Vassprosent ved innveging: 12,8

Næringsinnhald per 100 g:
Energi, kJ: 1418
Protein, g: 14,0
Feitt, g: 1,9
Karbohydrat, g: 65,3
Mineral, g: 1,2
Kostfiber, g: 4,8
Sucrose, g: 0,59
Metta feittsyrer: 20,0 %
Einumetta feittsyrer: 19,5 %
Fleirumetta feittsyrer: 60,5 %

Produkter spesifikasjoner
Allergen gluten