Tjukkmjølk 1,5% 1 L Rørosmeieriet

Produsent: Rørosmeieriet
Varenr.: RM20251
kr 39,00

Økologisk Tjukkmjølk frå Røros er produsert av økologisk lettmjølk og syrna med Rørosmeieriet sin eigen tettekultur. Tettekulturen er fleire hundre år gamal kultur frå Rørostraktene og kjem opphaveleg frå tettegrasplanta.

Mjølka har ein naturleg mild, syrleg smak og er spesielt god saman med frukostblandingar og med bær/syltetøy. Ho har ein tjukk og litt seig konsistens. Ho kan brukast som ein yoghurt eller anna syrna mjølk.

Om ein ynskjer ein tynnare eller meir flytande drikkevariant må kartongen ristast kraftig. Då blir ikkje mjølka tjukk igjen.

Økologisk Tjukkmjølk frå Røros var første produkt i Noreg som fekk det offentlege merkevernet «Beskyttet Geografisk Betegnelse» av Matmerk.

Ingrediensar:
Økologisk lavpasteurisert og ikkje-homogenisert lettmjølk og Rørosmeieriet sin tettekultur.

Kunder som kjøpte denne varen kjøpte også
Produkter spesifikasjoner
Næringsdeklarasjon Næringsinnhald per 100 g:=;Energi=191 kJ / 44 kcal;Feitt=1,5 g;_derav metta feitt=1 g;Karbohydrat=4,5 g;_derav sukkerartar=4,5 g;Protein=3,5 g;Salt=0,1 g
Allergen mjølk