Steinmalt avskalla spelt sammalt 1 kg Mylnå

Produsent: Mylnå
Varenr.: MY10029
kr 69,00

Mange ser ut til å tåle spelt betre enn kveite, så etterspørselen er aukande. Vi mel speltkornet direkte på ei steinkvern som er berekna for maling av skalfrie kornslag.

Produktkvalitet
Råvarene er matspelt av sorten Uberkulmer Rotkorn. Vi nyttar i dag kun norskprodusert korn, og all spelten vår er økologisk.
Spelt (kveite, rug) som blir malen på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Framstillingmåte
Avskala spelt blir reinsa og malt på steinkvern som er hoggen spesielt til føremålet, nemleg maling av korn med lite fiberinnhald (skal). Uavskala spelt er svært skalrik, og sidan heile skalfraksjonen vert fjerna før maling vil vi ikkje, som andre møller plar gjere, bruke begrep som sammalt, fullkorn, o.l. på dette produktet.

Produktbeskriving
Det avskala speltmjølet får ein lys brun farge, og malinga på steinkvernene gjer det mogleg å stille fiberfraksjonen til 1-2 mm. Likevel vil dette mjølet sjå relativt finmalt ut.

Bruksområde
Steinmalt avskala spelt vert i hovudsak nytta til bakverk. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige,luftige og gode ved å nytte ein rel. stor andel av slik spelt i deigen.

Ingrediensar:
Steinmalt speltmjøl, avskala
Vassprosent ved innveging:13,8

Næringsinnhald per 100 g:
Energi, KJ: 1318
Protein, g: 14,5
Feitt, g: 1,8
Karbohydrat, g: 59,1
Mineral, g: 2,0
Kostfiber, g: 8,8

Produkter spesifikasjoner
Allergen gluten