X

Rein, lokal mat

"Reindyrka ser rein, lokal matproduksjon som ein absolutt verdi. Difor er vestlandsbonden, uansett produksjonsskala, den vi framfor alt vil lyfte fram og skape gode vilkår for.

Anja og Anne-Line har sidan 2008 lagt ned eit betydeleg antal arbeidstimar og mykje kjærleik i å gjere Reindyrka til stolt og oppglødd distributør av varer frå 30 dugande norske produsentar, dei fleste vestlandsbønder. I tillegg til ei mengd andre rettferdig handla og spanande økologiske daglegvarer, alt frå bl.a. vaskemidlar, øl og eplemost, det ypperste av prisvinnande, norske gourmetostar og hudpleie til villsaueskinn, spedbarnsutstyr, fryste råvarer som t.d. villfisk frå Solund, kaffi frå Stavanger Kaffebrenneri og smakfulle lausvektsvarer. Vi har byens største utval av økologiske grønsaker og frukt, ei retteleg oppkome av flotte råvarer! Reduksjon av emballasje og gjenbruk i alle mogelege variantar er noko vi legg vekt på. Vi er inne i det sjuande året med heiløkologisk utsal i Bergen sentrum, og ynskjer deg no óg velkomen til Reindyrka nettbutikk, der eit utval høvelege varer vert lagt ut, alt det andre kan tingast, kjøpast og hentast i butikken. Det vert jamvel tilbod om heimkøyring innan rimeleg radius, noko som er etterlengta av mange!"

 — Hildegunn Aadland