Platetørka havregryn 1 kg Mylnå

Produsent: Mylnå
Tilgjengelegheit: På lager
Varenr.: MY125
kr 59,00
Ver god å oppgje postnummer slik at vi kan vise kva produkt som kan leverast i ditt område.

Platetørka havregryn frå Volda El. Mylne er produsert av norsk, økologisk havre. Etter avskaling og damping blir havremargen (kjerna) tørka på platetørke og deretter valsa på gamal, enkel valsestol. Havregryna får då preg av den gode, gamle ?brentsmaken? som gryna hadde i gamle dagar.

Produktbeskriving:
Platetørka gir havregrynet ein god aroma og ein nøtteaktig smak. Storleiken på gryna er jamt over noko større enn lettkokte havregryn

Bruksområde:
Platetørka havregryn vert brukt til bakverk, graut, supper, potetball, frukostblandingar eller ganske enkelt med mjølk og sukker til.. Sidan strukturen er så grov høver mjølet også godt til strø og dekor. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige, fyldige og velsmakande ved å tilsette platetørka havregryn i deigen.

Produktkvalitet:
Volda El. Mylne kjøper havre frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. All havren vi nyttar er økologisk dyrka.

Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Ingrediensar:
Platetørka havregryn. Vassinnhald: 10,8 %.

Næringsinnhald per 100 g:
Energi: 1420 kJ
Protein N*6,25: 12,7 %
Feitt: 6,6 %
Karbohydrat: 57,1 %
Kostfiber AOAC: 11,1 %
Sucrose: 0,96 g/100 g
Aske: 2,0 %

Kunder som kjøpte denne varen kjøpte også