Kamillebalsam 50 ml Vossabia

Produsent: Vossabia
Varenr.: VB03
kr 329,00

Deilig krem for sensitiv, intolerant, hard og tørr, kløande hud. Eller som ein næringsrik, 100 % naturleg nattkrem. Kamillebalsam er herleg mjukgjerande på spesielt hard hud, som til dømes hælar, og er difor ein svært populær fotkrem. Den glir lett og mjukar også godt opp ved ekstra tørr hud som ved psoriasis og atopisk eksem. Særs mange tilbakemeldingar på psoriasis, der kundar rapporterar at kløe forsvinn raskt, raudheit og tørrheit vert lindra og betra, og i tillegg er Kamillebalsam betennelseshemmande, bakterie- og soppdrepande. Kan brukast på mange område og plager som til dømes ulike typar kløe, fotsopp, vaginalsopp, augekatarr, ved kløande hovudbotn, solbrent hud, ved stikk og svie.

Info til kundar med psoriasis: ein mannleg kunde frå Hardanger har meld om at han får dekka inntil 5000 kr i Kamillebalsam frå NAV for sin psoriasis etter at hudlegen har bekrefta i NAV-søknad at denne hjelper hans kraftige psoriasisplager.

Ingrediensar:
Bivoks, økologisk kamilleolje, økologisk tistelolje, økologisk hampeolje, lanolin, e-vitamin, eterisk olje av blå kamille.