X

Filtrer etter:

Fjern valg
Min: kr 69,00 Maks: kr 419,00
kr69 kr419

Homlagarden

Bruket som vart kjøpt i 1974 ligg fritt til over fjorden på Aksnes i Kvam i Hardanger.
På flyttelasset hadde me med ti kalkunkyllingar. Sidan den gongen har kalkunflokken vakse til fleire tusen fugl. I tillegg til at levebrødet var keramisk kunsthandverk har der vore drive eksperimentelt jordbruk på bruket etter den tida.
Økodrift Homlagarden AS vart etablert i 2007. Verksemda har no 3 tilsette i administrasjonen og 8 sesongarbeidarar i slakteriet og drifta. Årsproduksjon er på kring 120 tonn økologisk kalkun og kylling.
Homlagarden har utvikla seg til ei innovativ økologisk verksemd som skaper aktivitet i lokalmiljøet. Me har etablert langvarige avtalar om driftssamarbeid med bønder i distriktet og gode leveringsavtalar for kjøtet over heile landet.
Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeidskraft frå samarbeidande bruk. Til dømes leiger me sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun når sauen er til fjells sumartid. Ein vinn-vinn situasjon for bonden som får leigeinntekt for fjøset, beita vert haldne i hevd og er klare til bruk når sauen kjem frå fjellet.
Tre drivhus og to grisehus med areal har vorte byggd om og teke i bruk for oppdrett av økologisk kalkun og kylling.

Homlagarden har i dag eige klekkeri, 3 kyllinghus og 6 lokalitetar med beiteareal for oppdrett av fuglane, eige økologisk og godkjend fjørfeslakteri, nytt moderne pakkeri med fryseri og lagerfasilitetar. Me distribuerer sjølv varene i kjøl-/frysebil til grossist, butikk eller transportør.

Vis per side