Festost 150 g Haugaland Meieri

Produsent: Haugaland Meieri
Varenr.: HM713360
kr 69,00

Fest er ein fetaost som er laga av kumjølk. I Hellas vert feta laga av sauemjølk. I løpet av dei siste 20 åra er fetaost vorten svært populær i heile Nord-Europa. Den vert nytta i salatar. Opprinneleg vart osten konservert i lake for å gjere den haldbar til vinteren kom. Dette var før kjølingsinnretningar kom, omtrent som vi nordmenn salta og tørka fisk for konservering. I dag kjenner vi ikkje lenger denne bakgrunnen for korleis produkter er komne til. Men vi lagar feta likevel på samme måte. Feta er ein salt ost. I Persia er den endå saltare enn i Hellas, som igjen lager saltare ost enn vi nordeuropearar likar. Det er altså visse regionale skilnader på det same produktet. Vår festost er laga med kultur spesiallaga for den greske fetaosten.

Ingrediensar:
Ost (pasteurisert kumjølk, løype, kultur, lipase), solsikkeolje, basilikum, kvitlauk og paprika.

Osten inneheld ca 23% feitt.

Produkter spesifikasjoner
Allergen mjølk