Steinmalt havremjøl Mylna 1kg

Produsent: Mylnå
Varenr.: MY51
kr 69,00

Sammalt havremjøl er kjent frå m.a. Norge Rundt og Fjernsynskjøkkenet. Platetørka og steinkvernene gjev mjølet høgt kostfiberinnhald og ein "nøtteaktig" smak. Frå gamalt av brukt til graut og flatbrød. Grunna sin gode smak og rike innhald av kostfiber vert det no stadig meir nytta til brødbakst, (havreloff), kaker, vafler, pannekaker m.m.

Produktbeskriving
Platetørka gir det sammalte havremjølet ein lys brunfarge, god aroma, og ein ”nøtteaktig smak” (iflg. Baker Hansen, Oslo). Når ein utnyttar 100% av havrekornet vert sluttproduktet fiberrikt, men havremjølet ser likevel relativt finmalt ut, sidan steinkvernene er innstilde på å male fiberfraksjonen til små ”fliser” på opptil 1-2 m.m.

Bruksområde
Sammalt havremjøl har frå gamalt av blitt brukt til graut, suppe, flatbrød og lefse. I dei seinare åra har havremjølet også blitt brukt i kaker, brødbakst, pannekaker, vafler, sveler, m.m. for å få meir fiber, smak og fylde i slik mat.

Bakeri har nytta havremjølet i spesialbrød (eks: Baker Hansen`s Havrekornbrød), som vassabsorberande middel (kun 7% vatn), og havreloff med 40% sammalt havremjøl ser ut som loff, men inneheld like mykje kostfiber som grovbrød.

Framstillingsmåte
Sammalt havremjøl kan kun produserast ”på gamlemåten”, ved bruk av platetørke og steinkvern. Heile havrekornet (inkl. skal) blir utnytta. Først må det tørkast (”brennast”) på platetørke frå 15% og ned til 7% vassinnhald. Etter kjøling vert kornet malt på steinkvern. Varmebehandlinga på platetørka inaktiverer dei feittnedbrytande enzyma (lipase) i havren, slik at den ikkje harsknar ved vidare bearbeiding og lagring. Denne omstendelege prosessen og utstyret er vi  i dag truleg åleine om å bruke til kommersiell matmjølproduksjon.

Produktkvalitet
Volda El. Mylne kjøper havre frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. Det at vi mel på gamaldagse steinkverner, gjer at mjølet kjem lite i kontakt med metall. Det sammalte havremjølet inneheld med andre ord berre naturlege mineral, som mangan, magnesium, jern, fosfor og sink. Mange meiner i tillegg at den gamaldagse maleprosessen gir spesielt gode bakeeigenskapar.

Sammalt havremjøl utnyttar heile havrekornet. Alle andre havreprodukt er i hovudsak basert på ”skredd havre” , avskala havre, dvs. maling/valsing av havrekjernen, margen. Sidan skalfraksjonen av havren utgjer heile 30-40%, medfører dette at vårt sammale havremjøl får ein kostfiberprosent på 24,5, om lag det doble av tilsv. havreprodukt og sammalt mjøl av andre kornslag. Analyser av havreskalet viser kor mykje protein, feitt , mineral og kostfiber som går tapt når skalet vert fjerna.
Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Oppbevaring
Tørt og kjølig, skild frå varer med sterk lukt.
Mjølet kan frysast.

Varedeklarasjon
Vassinnhald: 7 % ved innveging.
Råprotein/Kjeldal(N*6,25): 9,9 %
Protein (N*5,7): 9,0 %
Protein (N*5,7) tørrstoff: 9,7 % i tørrstoff
Feitt/Soxtec: 6,1 %

Feittsyrer;
metta: 18,7 %
enkel-umetta: 38,6 %
di- og tri-umetta: 41,7 %
tetra-umetta: 0,4 %

Kostfiber-total: 24,5 g/100g

Sucrose, g: 0,70
Råaske, 550*C: 2,1 %
Karbohydrat: 47,3 %
Vitamin B1: 0,26 mg/100g
Jern/ICP-AES : 47,5 mg/kg
Natrium/ICP-AES: 29 mg/kg
Energi: 280 kcal/100 g
Gluten: 0,016 g/100g

Produkter spesifikasjoner
Allergen gluten