Vi har latt oss inspirere av den mest populære kategorien av geitost i Frankrike kremost modna med mjølkesopp. Vi lagar Myrull av rå geitemjølk, som er heilt fersk. Kombinert med ei forsiktig modning med mjølkesopp, får vi ein mild og rund, men likevel særprega smak.
Osten gjev eit middels kraftig smaksbidrag til ostebordet, og han er god med honning til dessert. Og var du så heldig å finne att ein attgløymt, inntørka bit i kjøleskapet, så set han ekstra spiss på smaken riven over pasta med tomatsaus.
Myrull fekk Gull i NM i lokalforedla mjølkeprodukt 2016, Vart kåra til Årets produkt på Trøndersk matfestival og er finalist i Det Norske Måltid 2016.