Ingers blå 150g Den Blinde Ku

Produsent: Den Blinde Ku
Varenr.: OL901200
kr 99,00

Ingers Blå er ein handlaga Blåskimmelost av typen Bleu de Bresse med kvitt utvendig mygl.

Dette er ein blåskimmelost med særprega smak som appellerar til den smaksbevisste forbrukar. Ingers Blå har vunne innpass på den franske ostemarknaden, og er ein etterspurd ost på restaurantar og blant osteelskarar i Noreg. Hausten 2008 vart Ingers Blå kåra til beste skimmelost i Käseiaden (osteolympiaden) i Austerrike, i tevling med ostar frå heile verda.

Ingers Blå finst i fleire mogningsgrader:
Lite mogen (mild smak), ost yngre enn 4 veker
Middels mogen (fyldig smak), ost 5 - 8 veker
Godt mogen (sterk smak), ost eldre enn 9 veker
Overflaten på Ingers Blå kan variere frå kvit til lys raudbrun.

Ingers Blå inneheld pasteurisert kumjølk (ikkje fløyte) og har difor berre 26 % feitt, tilsvarande ostar har ofte ein feittprosent på over 50 %.

Ingers Blå er sjølvskriven i vårt faste sortiment av gourmetostar.

Ingrediensar:
Pasteurisert kumjølk, mikrobiell løype, salt, mjølkesyre-, kvit og blåmyglkultur.

Oppbevaring og bruk:
Oppbevarast ved 0-4 C.

Kunder som kjøpte denne varen kjøpte også
Produkter spesifikasjoner
Næringsdeklarasjon Næringsinnhald per 100 g:= ;Energi=1250 kJ / 300 kcal ;Feitt=26 g ;_derav metta feitt=18 g ;Karbohydrat=0 g ;_derav sukkerartar=0 g ;Protein=18 g ;Salt=1,5 g
Allergen mjølk