Camenås 140 g Den Blinde Ku

Produsent: Den Blinde Ku
Varenr.: OL901020
kr 109,00

Camenås er ein handlaga camembertost. Den har ei godt utvikla, fin og aromatisk kvitmygl-overflate og ein gjennommogna ostemasse med fruktig smak.

Dette er osten vi vart vidgjetne for - etter at den vann sølvmedalje under den prestisjetunge matmessa Fancy Food Show i New York sommaren 2003 (i tevling med 3500 andre matprodukt frå heile verda!)

Osten utviklar seg i smaken med tida, vel din smaksfavoritt!

Lite mogen (mild smak), ost yngre enn 3 veker
Middels mogen (fyldig smak), ost 4 - 6 veker
Godt mogen (sterk smak), ost eldre enn 7 veker

Camenås inneheld kun pasteurisert kumjølk (ikkje fløyte) og har difor berre 23 % feitt, dette er mindre enn tilsvarande ostar som ofte ligg på over 50 % feitt.

Oppbevaring og bruk:
Oppbevarast ved 0-4 C.

Kunder som kjøpte denne varen kjøpte også
Produkter spesifikasjoner
Næringsdeklarasjon Næringsinnhald pr 100g:=;Energi=1170 kJ (280 kcal);Feitt=23g;_derav metta feitt=16 g;Karbohydrat=0g;_derav sukkerartar=0 g;Protein=17g;Salt=1,5 g
Allergen mjølk